Prosedyre for å søke naturskadefondet om erstatning

Skjåk kommune

Det har nå skjedd mykje naturskadar i Lom og Skjåk under Ekstremvèret Hans. Dette er det mogleg å søke naturskadefondet om erstatning for.

Prosedyre for å søke naturskadefondet om erstatning

Det har nå skjedd mykje naturskadar i Lom og Skjåk under Ekstremvèret Hans. Dette er det mogleg å søke naturskadefondet om erstatning for. Søknadsfristen på naturskade er 3 månader etter at skada har skjedd. Det er kr 10 000.- i eigenandel og ein kan få erstatta 70% av kostnadane over dette. Ting som må gjerast er det berre å rette opp, men hugs på å få det med i kostnadane. Forebyggjande arbeid for å redusere skadane kan takast med.

Slik gjer dykk:

  1. Ta godt med bilder av skadane.
  2. Ved kostnader under kr 50 000.- kan dykk berekne kostnadane sjølve.
  3. Ved kostnader kr 50 - 200 000.- må dykk få ein entreprenør til å berekne kostnadane.
  4. Ved kostnader over kr 200 000.- må dykk få tilbod frå minst 2 entreprenørar.
  5. Når dykk har dette i orden kan dykk søke om erstatning via altinn.
  6. Meir innformasjon om dette på landbruksdirektoratet.no, eller kontakt oss (Landbrukskontoret for Lom og Skjåk).
  7. Om dykk ikkje vinst å få inn tilbod innan fristen, så meld inn skada innan fristen og søk seinare.

Om nokon treng hjelp med søknaden kontakt Landbrukskontoret for Lom og Skjåk. 

 

Lanndbrukskontoret

Kontakt

Erling Dagsgard
Jordbrukssjef / Lom og Skjåk landbrukskontor
Mobil 909 99 496
Kristin Smågård
Jordbruksrettleiar / Lom og Skjåk landbrukskontor
Mobil 932 29 458