Prosjektmedarbeidar – digital heimeoppfølging og meistringsteknologi

Vil du vere med og forme framtidas helsetenester? Lom og Skjåk kommunar søkjer ein engasjert prosjektmedarbeidar til eit spennande og praksisnært arbeid med digital heimeoppfølging og meistringsteknologi. 

100 % prosjektstilling

Lom og Skjåk kommunar satsar vidare på digital heimeoppfølging (DHO) og meistringsteknologi som ein del av den førebyggande helsetenesta. Vi etablerer no eit interkommunalt prosjekt, forankra i Nord Gudbrandsdal og Helsefellesskapet i Innlandet, og søkjer ein engasjert, sjølvstendig og praktisk retta prosjektmedarbeidar.
Prosjektet er finansiert gjennom tilskot frå Helsedirektoratet og har som mål å styrkje brukarmedverknad, helse og meistring gjennom systematisk og trygg bruk av digital teknologi i oppfølging av heimebuande innbyggjarar.

Om stillinga

Vi tilbyr ei spennande og samfunnsnyttig prosjektstilling innan eit fagfelt i sterk utvikling. Stillinga gir moglegheit til å vere med og påverke utviklinga av framtidsretta helsetenester, og byr på varierte og innhaldsrike arbeidsdagar med mykje arbeid ute i tenestene. Du vil bli ein del av eit interkommunalt fagmiljø i Nord Gudbrandsdal og vil få tett fagleg støtte både lokalt og regionalt.
Stillinga er ei 100 % prosjektstilling med førebels varigheit på eitt år, med moglegheit for forlenging ved ytterlegare finansiering. Det er ønskjeleg med oppstart så snart som råd.
Prosjektet er forankra hos kommunedirektørar og kommunalsjefar i Lom og Skjåk, og det vil vere tett dialog og rapportering via tildelingskontoret. Prosjektet inngår i eksisterande interkommunale samarbeidsstrukturar i Nord Gudbrandsdal. Stillinga har ein tydeleg utadretta og operativ profil, og mykje av arbeidet vil vere ute i tenestene i Lom og Skjåk. Det må òg påreknast arbeid gjennom heimebesøk hjå brukarar. Arbeidstida er ordinær dagarbeidstid. 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene er i hovudsak praktisk retta og knytt til etablering, drift og vidareutvikling av digital heimeoppfølging og meistringsteknologi:

  • Kartlegge, vurdere og inkludere aktuelle brukarar for digital heimeoppfølging (t.d. personar med KOLS, hjartesvikt, diabetes, kreft og andre kroniske eller komplekse tilstandar).
  • Gje opplæring og rettleiing i bruk av velferdsteknologi og måleutstyr.
  • Støtte og bygge kompetanse hjå tilsette i kommunale helse- og omsorgstenester.
  • Tett samarbeid med legekontor, legevakt og andre kommunale og regionale tenester.
  • Følgje opp tekniske løysingar, bidra til enkel feilretting og ha dialog med leverandørar.
  • Delta aktivt i interkommunal og regional samhandling i Nord Gudbrandsdal og mot Helsefellesskapet i Innlandet.
  • Bidra til utvikling av rutinar, arbeidsprosessar og gode samhandlingsformer.
  • Sikre løpande dokumentasjon av aktivitetar, framdrift og resultat i prosjektet.

Rapportering og oppfølging

Prosjektet stiller klare krav til systematisk oppfølging, dokumentasjon og rapportering. Stillinga inneber ansvar for å dokumentere måloppnåing og gevinstrealisering, utarbeide status- og framdriftsrapportar per 31. mai og 31. oktober, samt årleg rapportering innan 1. april. Du skal òg levere nødvendig underlag til prosjektevaluering, revisjon og eventuell kontroll, og sikre fagleg og økonomisk dokumentasjon av prosjektaktivitetane.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som raskt kan setje deg inn i både fagområde og arbeidsform, og som tek ansvar for eiga læring og framdrift.

Vi ynskjer at du har

  • helsefagleg utdanning (sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar e.l.), men anna utdanning kan bli vurdert.
  • erfaring med kartlegging av behov og oppfølging av brukarar.
  • interesse for digitalisering, teknologi og nye arbeidsmåtar i helsetenesta.
  • Evne til strukturert arbeid i prosjekt, med god oversikt over oppgåver og framdrift.
  • God forståing for samhandling på tvers av fag og organisasjonar.
  • Krav om førarkort klasse B.

Vi vektlegg at du er

  • trygg i møte med brukarar, pårørande og fagpersonar.
  • tydeleg, tillitsskapande og god på relasjonsbygging.
  • sjølvstendig, løysingsorientert og strukturert.
  • fleksibel og tilpassingsdyktig i ein utviklingsorientert kvardag.
  • motiverande og engasjert i arbeidet med helse, meistring og teknologi.
     

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Hjå oss får du

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale 
  • Pensjonsordning i KLP

Spørsmål kan rettast til Kommunalsjef Inger Helene Brandsar mobil 90123165.

Søknadsfrist 20.05.26

Elektronisk søknadsskjema 
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.

Vil du vite meir om Skjåk?

Les meir om bygda og barnehagane våre på: Skjåk kommune
Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk. Ta kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk - tlf. 99427902.

Meir informasjon om å livet i bygda finn du på nettstaden www.skjak.no

Sletting av studielån

Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen - da kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år?
Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner