Reglement for flagging i Lom kommune

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Stortinget vedtok i juni 2021 endringar i lov om flagging på kommunens offentlege bygningar, som
også gir kommunen utvida moglegheit til å nytte andre flagg enn tidlegare.

Lova er opphavleg frå 29.06.1933, og regulerte kva slags flagg kommunane kunne nytte. Lova ga
kommunane berre løyve til å flagge med det norske flagget, det samiske flagget, kommuneflagget
eller fylkesflagget. Etter lovendringa i 2021, kan det nå bli flagga med andre flagg og banner i høve arrangement,
markering eller merkedag av allmenn interesse

 

Flaggreglar

Generelt

  • Lom kommune har følgjande offentlege plassar, kommunale bygningar
    • Kyrkjevollen
    • Utgard
    • Helseheimen
    • Garmo Barnehage

Gater og plasser

  • Ved arrangement kan det bli flagga langs gater og vegar, der det er tilrettelagt for slik
    flagging. Det er arrangør som er ansvarleg for gjennomføringa.

Flagg og vimplar

  • Ved kommunens offentlege bygningar skal det normalt bli flagga med det norske flagget.
    Det samiske flagget skal bli brukt på samanes nasjonaldag, og FN-flagget på FNdagen. I
    tillegg kan eksempelvis Pride-flagget nyttast i høve med arrangement, markering eller
    merkedag av allmenn interesse. Det er ikkje lov å bruke flagg som symboliserer politisk,
    kommersiell eller diskriminerende aktivitet.

Søknad

  • Ved ønskje om å flagge med andre flagg enn nemnt i pkt. Flagg og vimplar, skal det søkjast Lom
    kommune om løyve, seinast 3 veker før flagging. Kjem det inn fleire søknader same dag
    eller tidsrom, vil fyst innkomne søknad normalt få fortrinnsrett. Utgifter til slik flagging skal
    betalast av arrangør/søkjar. Heising og firing blir avtalt i kvart tilfelle.

 

Flaggdagar

Offisielle flaggdagar

  • På alle offisielle flaggdagar skal det bli flagga på bygningar nemnt under pkt. Generelt, i tråd
    med flaggforskrifta § 4.

Valgdagar

  • På dagar for Stortingsval samt Kommune- og fylkestingsval skal det flagges ved alle
    offentlege plassar nemnt i punkt Generelt og alle oppnevnte røystelokaler.

Lokale flaggdagar

  • Ved kyrkjelege handlingar blir det flagga på kyrkjevollen.

 

Heising og firing

Tidspunkt

  • Flagget skal heises opp og fires ned på tidspunkt i tråd med flaggforskrifta § 6: "Flagget
    heises i månedene mars til og med oktober kl. 0800, i månedene november til og med
    februar kl. 0900. Flagget hales ved solnedgang, dog ikke senere enn kl. 2100 hvis solen
    går ned etter denne tid."

Flagging på halv stong

  • Kommunedirektøren avgjer når og korleis det skal bli flagga på halv stong. Når flagget
    skal heisast på halv stong, skal flagget fyst bli heist til topps, før det fires ned ein
    tredjedel frå toppen av flaggstonga. Når flagget fires frå halv stong, skal det på nytt
    heisast til topps, før det fires heilt ned. Flagginga kan avsluttast når den aktuelle
    seremonien det blir flagga for er ferdig.

 

Ansvar for flagging

Offentlege flaggdagar

  • Kommunens eigedomsavdeling har ansvar for at det blir flagga på flaggdagar under pkt.
    Flaggdagar.

Annen flagging

  • Ved annen flagging ligg ansvaret på den aktuell arrangør, og blir utført etter avtale.

 

Behandling av flagget

Flagget skal blir handsama med respekt, og det skal aldri kome i kontakt med bakken.
Etter firing skal flagget blir tørka før det blir lagt på lager. Oppbevaringa skal skje på ein
slik måte at flagget ikkje blir skada eller blir borte. Eit øydelagt eller slitt flagg skal ikkje
nyttast og skal avhendast i tråd med reglane.

 

Reglementet byggjer på Lov om Norges Flag [flaggloven], Lov om flagging på kommunale bygninger, Forskrift om bruk av flagg [flaggforskriften], samt Forskrift om fremmed flagg på kommunela bygning.

Reglementet blei vedteke 04.06.2024