Samdrift legetenesta i Lom og Skjåk (oppdatert informasjon)

Kommuneoverlege i Lom, Gro Nørstebø Moshagen og fungerande kommuneoverlege i Skjåk, Anne Henriette Paulsen.Legekontora i Lom og Skjåk har denne sommaren samdrift i veke 27-32, gjennom å samle personalet ved eitt kontor. Dette gjer vi for at begge kommunane skal ha ei forsvarleg legeteneste gjennom sommaren.

 Samla sett har tenestene i Lom og Skjåk redusert kapasitet samanlikna med normal sommardrift. Turistane har innteke Skjåk og Lom kommunar i stort monn denne sommaren. Vi har erfart at pågangen frå pasientar er stor. Når det er mange pasientar som ynskjer hjelp må legane prioritere ut frå medisinsk hastegrad, og at det mest alvorlege vert behandla først.

Dette er ei ordning for innbyggjarane i Lom og Skjåk, og personalet gjer mange tiltak for at dette skal vere eit godt tilbod. Grunna stor pågang og redusert bemanning i legetenesta i Lom og Skjåk, vil det fredag i veke 29, og i veke 30 og 31 vere tilbod om øyeblikkeleg hjelp og naudsynte kontrollar.

Legekontoret minner om at ein ved akutte og alvorlege hendingar skal ringe 113.