Skal du søke kommunen om å bygge? Ta i bruk digitale løysingar.

Foto: Øyvind Pederesen Mange har nytta løysinga Byggsøk frå Direktoratet for byggkvalitet i søknadsprosessen for bygge- og anleggsformål. Bruk av Byggsøk stengte for nye byggesøknader 1. oktober 2020, og er avløyst av nye digitale løysingar.

Alle profesjonelle aktørar i byggenæringa kan nå ta i bruk nye, digitale søknadsløysingar for byggesak. Private søkarar kan også sende nokre søknadstypar digitalt. 

Løysningar for profesjonelle

Fem leverandørar tilbyr i dag løysingar for å lage og sende inn byggesøknadar digitalt. Du kan nå desse løysingane via denne lenka: eByggesøknad_Direktoratet for byggkvalitet.

Søknadsløysingane er tilpassa ulike målgrupper, og gjer det enklare å gjere ting riktig nå du lagar ein byggesøknad. Det finns mellom anna løysingar som er spesielt tilpassa arkitektar og røyrleggarar. Søknadane vert kontrollert opp mot regelverket før dei blir sendt for å sikre at søknaden er komplett. Søknadane kan dermed bli behandla raskare i kommunen. 

Kommunane i Nord-Gudbrandsdal vil i 2021 ha på plass ei løysing som kan ta dei nye digitale byggesøknadane direkte inn i sine saksbehandlingssystem.

Løysningar for privatpersonar

Også privatpersonar kan sende nabovarslar digitalt. Fleire digitale søknadsløysingar for privatpersonar er under utvikling så tilbodet her vil auke etter kvart. 

Privatpersonar kan også nytte enklare søknadsskjema dersom dei bygge en frittliggande bygning mindre enn 70 m2 (t.d. garasje eller bod) eller et tilbygg mindre enn 50 m2. (t.d. utvide bygning med en terrasse, veranda eller eit nytt rom).

Ein kan også bruke enklare skjema dersom ein skal søke om bruksendring og riving.

Betalingsløysingar

Da staten har lagt opp til at dei digitale søknadsløysingane blir levert av kommersielle aktørar, er alle løysingane betalingsløysingar. Løysingane som vert tilbode, har ulike prismodellar som er tilpassa ulike brukarar. Betalinga for bruk av tenestene blir kravd inn direkte av leverandørane.