Slik loggar du deg inn og brukar helsenorge.no

Innimellom kan du oppleve at du må stå i telefonkø når du ringer legekontoret. Men kanskje skal du berre sjekke eit prøvesvar eller fornye resepten din? Da kan du nytte deg av Helsenorge.no.   

Slik loggar du deg inn: 
 

 

 Skal du fornye resepten din? 

  1. Logg deg inn på helsenorge.no (du kan mellom anna nytte bankid eller bankid på mobil) 
      








     
  2. Gå til Forny resept
       




     
  3. Fyll inn informasjon og klikk på Send
       

 

Har du eit spørsmål til fastlegen din?
Til dømes om det har kome svar på blodprøva du har teke?

  1. Logg deg inn på helsenorge.no  
  2. Gå til Start e-konsultasjon
      





     
  3. Klikk på Konsultasjonen gjelder andre spørsmål (dersom det ikkje gjeld symptom på korona sjølvsagt, da bør du ringe beredskapstelefonen)
      








     
  4. Fyll inn informasjon (og legg eventuelt til vedlegg om du har det) og klikk på Send
      
















       


     


Merk at du må ha fastlege for å få e-konsultasjon. 

Skal du sjekke prøvesvar for korona? 

  1. Logg deg inn på helsenorge.no 
  2. Gå til Prøvesvar (her må du bla deg litt ned på sida så kjem du til fleire kvadratiske boksar som vist under)
     




     

På helsenorge.no finn du og mykje anna informasjon som kan vere nyttig for deg, som til dømes kva for vaksiner du har teke, informasjon om frikort, journalen din og pasientreiser:  
  







Treng du fysisk konsultasjon må du ikkje nøle med å ringe legekontoret (61 21 72 00)!