Solidaritetsdag på Loar skule

Fredag 4. oktober arrangerte Loar skule solidaritetsdag og inviterte til open skule.

Elevane hadde lagt ned ein stor innsats i førebuingane og hadde kafédrift og sal av sjølvlaga produkt.

Midlane frå salet gjekk uavkorta til TV-aksjonen, som i år støttar Barnekreftforeininga. 

Totalt vart det samla inn heile kr. 71 886,-!

Alle ved skulen er veldig takksame for alle som var med på å gjere denne dagen så fin og triveleg, samstundes som at vi fekk støtta ei god sak. Takk for besøket! 

 

Solidaritetsdag på Loar skule, til inntekt for Barnekreftforeininga. - Klikk for stort bildeSolidaritetsdag på Loar skule, til inntekt for Barnekreftforeininga.