Flyktningetenesta i Lom vil takke alle som har bidrege med stort og smått til flyktningane i Lom i 2022.
- Tusen takk til alle som har levert vinterklede, leiker, julepynt, møbler, småelektrisk og anna.
Alt har blitt godt motteke av takksame flyktningar. - Tusen takk til dei som har stilt opp på språkkafe på friviljugsentralen.
- Tusen takk til deg som slår av ein prat i butikken eller over gjerdet med nokon som vil lære norsk.
Flyktningane kjenner seg trygge her i Lom.
Tusen takk for innsatsen og god jul frå flyktningetenesta!
Pixabay
Publisert 16.12.2022 11.23