Tema veke 43 - arealstrategi - bustadar og fritidsbustadar 

 Vi arbeider med kommuneplanens samfunnsdel dette året, og vi ynskjer å involvere DEG som bur i Lom i dette arbeidet!

Til nå har vi vore gjennom følgjande tema: 
Veke 37: FN sine berekraftsmål 
Veke 38: God fysisk og psykisk helse
Veke 39: Barn og unge
Veke 42: Inkludering, bulyst, tilflytting og næringsutvikling
Det er framleis mogleg å sende inn innspel til desse temaene. Du finn dei på www.lom.kommune.no/samfunnsplan.

Tema veke 43 er arealstrategi - bustadar og fritidsbustadar  

I Lom, som i mange andre kommunar, er mykje areal verna, dyrka, utbygd med hus og vegar eller nytta på andre måtar, og mange stadar er det (potensiell) naturfare som kan gjere det utfordrande å nytte areala. I praksis er det med andre ord ikkje all verda av areal å ta av når ein skal tenkje arealbruk.

I kommuneplanenarbeidet skal vi nå forsøke å gje nokre overordna føringer for arealbruken i Lom. Nå håpar vi at du som innbyggjar vil gje oss ei attendemelding på desse tre spørsmåla – som også kommunestyret jobba med på deira oktobermøte. Heilt anonymt, og veldig nyttig for oss som jobbar med kommuneplanen!
 

Spørjeskjema: