Tilskot til inkludering av barn og unge 2025

Tilskotsordninga "Tilskot til inkludering av barn og unge" er no lyst ut for 2025.  Frist: 1. november.

Mål og målgruppe
Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking i ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap.

Kven kan søkje:

•    Offentlege instansar
•    Frivillige organisasjonar
•    Private aktørar

Frist for å søkje:
1.    november 2024

Slik søkjer du:
Set deg inn i regelverket og informasjonen på ordninga si nettside. Logg inn, fyll ut og send inn søknaden i Bufdir sin søknadsportal for tilskot. Frivillige organisasjonar og private aktørar skal nytte søknadsskjema 2. Søknaden skal knytast til ein deltakande kommune (sjå nettsida til tilskotsordninga for unntak frå denne regelen). Det skal søkjast om tilskot til ulike aktivitetstypar (sjå nettsida til ordninga for meir informasjon om desse).

Slik blir søknadene handsama:
Søknader som er sendt inn av andre aktørar enn kommunen sjølv, skal rangerast av kommunen. Kommunen skal forankre rangeringa av søknadene på avgjerande politisk eller administrativt nivå. 
Etter at kommunen er ferdig med rangeringa, startar Bufdir den endelege saksbehandlinga av søknadene. Det vil vere informasjon på Bufdir sine nettsider om forventa saksbehandlingstid.

Kontaktperson for Lom kommune: Oscar Amundrød 
 

Kontakt

Oscar Amundrød
Ungdomskonsulent
Mobil 980 39 180