Tryggleikssirkelen - korleis kan ein skape trygge barn?

Lom og Skjåk helsestasjon tilbyr foreldrekurs innan teorien Tryggleikssirkelen. Kort sagt eit kurs i korleis ein kan skape trygge barn. 

Lom og Skjåk helsestasjon ynskjer å tilby eit foreldrekurs rundt teorien Cirkle of security, også kalla tryggleikssirkelen. Kurset vil vere gruppebasert, men vi kan og tilby individuelt kurs om ein ikkje vil delta i gruppe.

Dette er eit kurs for foreldre, basert på tilknytingsteori og utviklingspsykologi. Det har som mål å fremje trygg tilknyting hjå barnet. Kort sagt å skape trygge barn. 

«Vårt tilbod om ei vaksine for det psykiske immunforsvaret».

Etter meir enn 50 års forsking veit ein at dess tryggare barn er, dess meir er dei i stand til å:

  • Oppleve meir glede med foreldre
  • Føle mindre sinne ovanfor foreldre
  • Søke foreldre for hjelp når det blir vanskeleg
  • Få høgare sjølvkjensle/sjølvtillit
  • Løyse problem på eiga hand
  • Gå bedre overeins med vener
  • Få langvarige vennskapsrelasjonar
  • Løyse problem med vener
  • Få betre relasjon med syskjen
  • Vite at dei fleste problem har ei løysing
  • Få tillit til at gode ting vil skje
  • Få tillit til menneske dei er glade i
  • Vite korleis ein er god med andre menneske rundt seg

 

Målet med kurset er ikkje å gje foreldre dårleg samvit, heller ikkje å oppdra dei til å bli perfekte foreldre. Målet er å bli «gode nok» foreldre, for det er det barn treng.

Vi veit at dette er den viktigaste kunnskapen vi kan formidle til dykk som foreldre.  Denne foreldrekunnskapen byggjer ein solid grunnmur for barna!  Dette er ikkje eit komplisert opplegg, og det er opp til deg sjølv kor mykje du ynskjer å prate i gruppa. Opplegget går over 6 gonger.

Kurset vil vere ein gong i veka,  annakvar veke, i Skjåk og Lom.

Dersom dette høyrest  spennande ut, ta kontakt med ein av oss innan 16. oktober 2024:

Aud Jotun: aud.jotun@skjaak.kommune.no, mobilnr.: 908 48 548

Kari Sakrisrud: kari.sakrisrud@skjaak.kommune.no, mobilnr.: 969 00 886

Oppstart er onsdag 23. oktober kl. 17.00-19.00 i kommunestyresalen i Skjåk

Beste helsing

Aud Jotun og Kari Sakrisrud ved Lom og Skjåk helsestasjon

Tryggleikssirkelen - foreldre med fokus på barnet sitt behov. - Klikk for stort bildeTryggleikssirkelen - foreldre med fokus på barnet sitt behov.