Uthenting av utstyr for evakuerte

For evakuerte innbyggjarar vil det bli lov å dra heim ein stutt tur fredag 11. august for å hente ut utstyr /mate kjæledyr / hente medisin. Men dette skal skje i kontrollerte formar under vakthald, så det er viktig at alle les nøye gjennom informasjonen som blir gitt her. 

Ynskjer du å bli med? Da ber vi om påmelding for fredag 11. august på følgjande vis: 

  • Til servicetorget på tlf. 612 17 300 mellom kl. 8 – 12.00 
  • Ved å skrive seg opp på fysisk liste på Fossberg innan kl. 12.00. Denne blir lagt klar ved frukosten. 

Påmeldinga er for at Røde Kors skal få tid til å planlegge logistikken på ein god måte.

Deretter er det oppmøte på Fossberg kl. 13.00 ved resepsjonen.
Nærare instruks vil bli gjeve der. 

Vi beklager elles at ikkje alle fekk beskjed om at det var anledning til å hente ut medisin / mate kjæledyr på torsdag. Der har det skjedd ei kommunikasjonsglipp frå vår side.