Utstillingsopning på Norsk Fjellsenter

Over halvparten av alle arkeologiske funn på is i heile verda, er gjort høgt i fjella kring Lom. Frå 10.juni kan du sjå fleire av dei utstilt på Norsk Fjellmuseum.

Utstillingsopning av "Frose i tid" på Norsk Fjellsenter - Klikk for stort bildeUtstillingsopning av "Frose i tid" på Norsk Fjellsenter Norsk Fjellsenter

Klimaendringane slår hardt til i høgfjellet. Isen smelter raskt. Ein hund med halsband, piler frå steinalderen, ein vott frå vikingtid, verdas best bevarte forhistoriske skipar og meir enn 4000 andre gjenstandar har smelta ut frå isen. Gjennom eit brearkeologisk sikringsprogram i regi av Innlandet fylkeskommune og Kulturhistorisk museum, er isen overvaka og nye funn berga. I utstillinga Frose i tid på Norsk fjellsenter i Lom, kan du snart sjå 100 av funna i eit heilt nytt ljos.

Laurdag 10.juni arrangerer Norsk Fjellsenter opning av utstillinga "Frose i tid".

PROGRAM FOR OPNINGSDAGEN:

16.00: Velkomen

16.15: Presentasjon av det brearkeologiske sikringsprogrammet

16.25: Presentasjon av utstillinga

16.40: Kulturinnslag med Gjeling-Ljomen, nyskrive sang av Reidar Marstein og Espen Finstad

17.00: Offisiell opning av Frose i tid

Arrangementet er gratis og ope for alle. Sjå info om arrangementet på Facebook her. 

Utstillinga er ope i heile sommar, i perioden 11. juni-15. august: kl. 9-19 (9-17)

Informasjon om utstillingsopninga og mykje anna som skjer i Lom den siste tida finn du i Nyheitsbrev for næringslivet. Ope for alle, gå gjerne inn og sjå!