Vaffeltreff er eit lågterskel treffpunkt som er ope for alle. Det første treffet i haust finn stad på Fossberg. Ei triveleg samling rundt lunsjtider for både nye og kjende i bygda. Lom kommune spanderer vaflar og du kan kjøpa deg ein kaffi- eller tekopp om du vil.
Me kjem òg med andre treff seinare i haust. Førebels har vi planlagt afterwork/pizzakveld 16. oktober, spelekveld 14. november og julegraut 11. desember. Meir informasjon kjem!
Helsing arrangørane Åshild (næringssjef) og Linda (bygdeutviklar/ vikar for Hege) og Olena (språkpraktikant).