Vellukka opning av dagsturhytta i Lom

Laurdag 19. oktober var det opning av dagsturhytta i Lom.

Vel 50 personar hadde teke turen for å ta del i opninga. Folk kosa seg med kaffi, rykande ferske kanelsnurrar frå Bakeriet i Lom og godt haustvêr. Ordførar Kristian Frisvold heldt tale og klypte snora, og etterpå var det sosial mingling for dei vaksne, og kindereggjakt for dei minste. 

Eit vellukka arrangement og vi gler oss over at den fine dagsturhytta vår no er offisielt opna.

For å koma seg til dagsturhytta kan du t.d. køyre til parkeringsplassen til Garmo barnehage, og gå oppover råket du finn i vestkanten av tomta. Dagsturhytta ligg på Sprekkberget, nedanfor Høgkollen. Frå barnehagen er det omlag 200 høgdemeter stigning, og det er kring 900 meter gange. 

Det er Brun Bygg AS som har bygd hytta, medan Gjeisar maskin har syrga for godt grunnarbeid - takk for innsatsen. Vi vil òg takke Lom kommune sine prosjektleiarar, Ole Kristian Sveen og Hege Olimb Myhre. Garmo IL vil stå for drifts- og vedlikehaldsansvar for hytta - takk for det.

Det er framleis mange fine veker igjen av hausten - få på deg turkleda og nyt den flotte utsikta frå dagstur hytta i Lom. 

GOD TUR! :) 

Video av tale og snorklypping v/Kristian Frisvold:

Sjå bilete frå opninga: