Vil du skape gode matopplevingar for bebuarar og brukarar ved Lom helseheim?

Likar du å lage god mat og bidra til gode måltidsopplevingar for andre? Vi søkjer ein engasjert og dyktig kokk til kjøkenet ved Lom helseheim. Søknadsfrist: 16.08.2026

Frå 01.10.2026 har vi ledig 60 % fast stilling som kokk m/fagbrev. Stillinga inneber dagarbeid og arbeid kvar 4. helg.

På kjøkkenet ved helseheimen lagar vi mat til bebuarar i institusjon, dagsenter for heimebuande personar med demenssjukdom, matombringingstenesta og ulike aktivitetar på institusjonen. I tillegg driv vi kantine- og cateringverksemd.

Arbeidsoppgåver

  • Tilberede næringsrike og gode måltid til ulike brukargrupper
  • Bidra til gode matopplevingar og tilpassing av måltid etter behov
  • Delta i kantine- og cateringverksemd
  • Andre oppgåver knytt til kjøkendrifta

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • har fagbrev som kokk. Relevant erfaring og kompetanse kan bli vurdert
  • har interesse for matlaging og gjerne erfaring frå storkjøkken, institusjon eller liknande
  • samarbeider godt med andre, men også kan arbeide sjølvstendig
  • er fleksibel og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
  • er initiativrik, engasjert og ser moglegheiter
  • er serviceinnstilt og oppteken av gode brukaropplevingar
  • har godt humør og evne til å skape gode relasjonar
  • beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg
  • har grunnleggjande datakunnskapar

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ein spennande og triveleg arbeidsplass med stort fag- og brukarfokus
  • Ein jobb der du får bidra til gode opplevingar for ulike brukargrupper
  • Stor grad av sjølvstendigheit i arbeidet
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar

Høyrest dette spennande ut?

Søknadsfrist: 16.08.2026

Send søknad

Vi ser fram til å høyre frå deg!

  • Kommunale tilsetjingsvilkår
  • Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg.
Strand med høgt gress. Utsikt mot Lom

Kvifor Lom?

I Lom får du kombinere ein meiningsfull jobb med eit aktivt bygdeliv og storslått natur rett utanfor døra. Hjå oss blir du del av eit godt fagmiljø der du blir sett, får ansvar og har moglegheit til å påverke.

Vi har samla nokre gode argument for kvifor du bør ta steget og flytte til Lom.

Les meir

Lom kommune er i utvikling

Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle tenestene våre, ta i bruk nye digitale løysingar og finne smartare måtar å arbeide på. Målet er å skape gode tenester for innbyggjarane, samtidig som vi nyttar ressursane våre best mogleg. Derfor ser vi etter medarbeidarar som er opne for endring, nysgjerrige på nye arbeidsformer og som ynskjer å bidra til utvikling og forbetring. 

Utsikt mot Garmo, bilete tatt mellom furubusker