Vinnaren av Lom kommune sin kulturpris 2020!

Ordførar Bjarne Eiolf Holø og årets kulturprisvinnar Tor Olav Mundal. Lom kommune har lang tradisjon for å dele ut kulturprisen til personar eller lag som har gjort ein særskild innsats for kulturen i bygda. 

Det er Formannskapet som avgjer kven som får kulturprisen, etter innkomne forslag og eigne vurderingar.

Lom kommune sin kulturpris gjekk i år til Tor Olav Mundal - ein person som gjennom sitt store engasjement og drivkraft har bidrege til eit aktivt og utviklande miljø for idretten i Lom.

Her er eit utdrag frå ordføraren si tale:

Vedkommande har vore aktiv trenar heilt sidan ungdomstida, og er framleis aktiv trenar heile 41 år etter fyrste trenaroppdraget. Prisvinnaren har vore trenar for alle aldersgrupper også for seniorane. På det meste har vedkommande brukt over eit halv årsverk i året på treningar, reiser og kampar. 

Vedkommande har ei evne til å samle laga og styrkje lagmoralen blant ungdomane, noko som gjev seg utslag i samhald og ekte idrettsglede. Prisvinnaren må tildelast det meste av æra for at vi i Lom nå dei seinare åra også har fått jente- og damefotballen til å stå like sterkt som gutar- og herrefotballen. Vedkommande har vore, og er framleis, til stor inspirasjon også for rekrutteringa for yngre trenarar som har kome til gjennom åra. Prisvinnaren er nok av dei aller fyrste - om ikkje den fyrste - som skreiv detaljerte kampskildringar på Facebook så folk kunne fylgje med sjølv om dei ikkje var tilstades på kampane. 

Det er ei stor glede og ære å få gjere kjent at Lom kommune sin kulturpris 2020 går til Tor Olav Mundal.

Prisen består av eit diplom og ein gåvesjekk på kr 10.000,-

Lom kommune gratulerar!