Her kan du lese sluttrapporten frå Husbanken-prosjektet til Lom kommuneI juni 2023 fekk Lom kommune tilskot frå Husbanken gjennom ordninga “Boligutvikling i distriktet”. Her kan du lese meir om korleis det har gått. Lom kommune har arbeidd vidare med Kulihaugen i 2023 og 2024, i samarbeid med NaturalState og den andre grunneigaren Clemens Eiendom (no Allstad). Dette var ei vidareføring av GNIST-prosjektet frå 2022. Vi har no kome eit steg vidare, men det er framleis eit stykke til mål. I 2023 fekk vi 800 000 kr frå Husbanken, som hardelfinansiert den vidare prosjektutviklinga og samarbeidet. Clemens har også bidrege tildelfinansiering av reguleringsplanarbeidet.Vi fekk tilskot frå Husbanken til å sjå på fire hovudområde:• Felles strategidokument for samskaping• Pilotering av tomt med variert bustadtypologi• Sambruk av sesongbustadar utanom sesong• Tverrsektorielt samarbeidKva har vi gjort?Vi har arbeidd tett i ei tverrfagleg arbeidsgruppe med ulike avdelingar i kommunen, grunneigarar,utbyggjarar, arkitektar og planleggarar for å konkretisere ideane frå Gnist i ein reguleringsplan.Bustadkonferansen "HEIM 2024" og regionalt samarbeid i Nord-Gudbrandsdalen styrkabustadfokuset i regionen og vart gjennomført med bidrag frå mellom anna Husbanken ogDistriktssenteret. Ein omfattande spørjeundersøking blant Lom-innbyggjarane gav verdifullinnsikt i preferansar for bustadkjøp og utleige. I tillegg vart alle ledige tomter i Fossbergomkartlagde og samla i ein bustadmarknadsanalyse. Det vart arbeidd med å finne moglegemodellar for burettslag som kan tilpassast dei ulike bustadkonsepta, og korleis ein kan nytteHusbank-midlar til realisering.Kva er resultatet?Ein reguleringsplan med kvalitetsprogram som, med nokre justeringar, kan sendast til politiskbehandling. Fleire visualiserte skisseprosjekt for bustadar på Kulihaugen, samt eit skisseforslagtil minihus på Lien-tomta. Kunnskapsbasert grunnlag om bustadsbehov og -ynske har bidrege tilfokus på bustadar i kommunen, og det er ein satsing på fleire kommunale bustadar.Kva gjenstår?Det er framleis fleire forhold som krev politiske avklaringar, og kommunestyret har bedt om eiytterlegare utgreiing av konsekvensar og risiko, fleire alternativ til byggbare tomter, eller avgrensautbygging på Kulihaugen. Kommunen planlegg vidare utgreiing av Kulihaugen-tomta og trengnødvendige politiske avklaringar før ein gjer siste endringar i reguleringsplanforslaget og senderdet til politisk behandling.Vi takkar Husbanken for støtta og rettleiinga i prosjektet, som har bidrege til å styrkjebustadtilbodet i Lom.-Her kan du lese heile sluttrapporten (PDF, 2 MB)- Her kan du lese heile sluttrapporten, inklusiv desse vedlegga: (PDF, 31 MB)Bustadmarknadsanalyse Borettslag og sameieKulihaugen bustadmangfoldKvalitetsprogram Kulihaugen Notat om andelsbustadar Presentasjon boligkonferanse – resultat frå spørjeundersøkinga Publisert 16.12.2024 12.58