Er du vår nye reinhaldsleiar?
Reinhald er viktig for folkehelsa og trivselen i samfunnet vårt. Visste du at reinhaldstilsette er med på å sikre at born og unge har eit godt inneklima i skular og barnehagar? Kunne du tenke deg å leie og ta del i utviklinga av reinhaldstenestene i Lom, og på den måten bidra til reine omgjevnader for alle i kommunen?
Då er dette stillinga for deg - vi har ei 100% fast stilling som avdelingsleiar for reinhaldstenesta.
I leiarrolla vil du ha ansvaret for avdelinga som i dag består av 12 reinhaldsoperatørar. Du vil stå for den overordna reinhaldsplanlegginga, og saman med dei tilsette vil du koordinere arbeidsoppgåvene på tvers av bygg og tenesteområde. Du vil også delta i det daglege og periodiske reinhaldet etter behov. Som avdelingsleiar vil du ta del i å skape løysingar som ikkje berre møter dagens behov, men også framtidas utfordringar.
Vi ser etter deg som:
• Har fagbrev som reinhaldsoperatør, eller annan relevant utdanning/erfaring
• Har kjennskap til NS-INSTA 800 eller har eit ynskje om å lære
• Har førarkort klasse B og beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg
Vi legg stor vekt på personleg eignaheit.
Kvifor arbeide i Lom kommune?
Som tilsett i Lom kommune vil du vere ein del av eit positivt og støttande arbeidsmiljø, der din innsats vert sett pris på. Du vil bli ein del av leiarteamet i kommunal eigedom, der reinhaldsavdelinga vil spele ei viktig rolle i eigedomsforvaltning og i utvikling av bygg.
Du må rekne med at ansvaret og arbeidsoppgåvene vil endre seg med utviklinga av tenesteområdet.
For meir informasjon, ta kontakt med:
Erik Lindseth, tenesteleiar kommunal eigedom
Telefon: 470 24 500
E-post: erik.lindseth@lom.kommune.no
SØK HER
Er dette noko for deg? Send inn søknad via vårt elektroniske søknadsskjema på lom.kommune.no. Søknadsfrist er 4.desember 2024
Søkjarliste vil bli offentleggjort.
Lom kommune