Garmo barnehage treng ny styrar.

Kanskje det er deg? Søknadsfrist: 11.05.25.

Vil du bli styrar i ein gjestfri og nyskapande kommune?

Lom kommune har behov for ein utviklingsorientert og dyktig styrar i Garmo barnehage med vilje og evne til å arbeide for å nå kommunen sine felles mål og satsingsområde. 

Det er to kommunale barnehagar i Lom, Loar og Garmo barnehage. Desse har eit tett samarbeid kring  pedagogisk utviklingsarbeid og drift av barnehagane.  

Det er frå august 2025 ledig 100 % stilling som styrar i Garmo barnehage.

Barnehagen har frå hausten 3 avdelingar med 34 born og 10 tilsette. Minimum 60 % av stillinga er pårekna administrasjon.

Barnehagen held til i tidlegare Garmo skule, og har store lokale  med mellom anna gymsal. Uteområdet er stort og variert og inneheld område  med leikeapparat,  fotballbane, akebakke og eit natur /skogområde med gapahuk. Barnehagen ligg skjerma for trafikk.

Vi ynskjer ein person som kan vere med å utvikle framtidas barnehage i Lom.  

Arbeidsoppgåver/ansvar:

  • Leie og vidareutvikle barnehagen pedagogisk, personalmessig og administrativt.
  • Rekruttering.
  • Forvalte personal- og budsjettressursar i samsvar med gjevne fullmakter.
  • Sikre at internkontroll, HMS-arbeid og bruk av kvalitetssystem er i tråd med overordna føringar og mål.
  • Økonomioppfølging.
  • Overordna ansvar for forsvarleg dagleg drift.
  • Sikre eit godt samarbeid med føresette og andre aktuelle instansar.
     

Kvalifikasjonar:

  • Krav om barnehagelærar, eller anna relevant universitets- eller høgskuleutdanning som gjev barnefagleg og pedagogisk kompetanse.
  • Gyldig politiattest må foreligge før tilsetting.
  • Det er ynskjeleg med god skriftleg og munnleg framstillingsevne - kommunen har nynorsk som admnistrasjonsspråk.
  • Relevant leiarerfaring er ynskjeleg.
  • Erfaring med utviklings- og endringsarbeid i barnehage.
  • Fullført barnehagestyrarutdanning er ynskjeleg.
  • God økonomiforståing.

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode leiareigenskapar, med evne til å byggje gode relasjonar og følgje opp kvalitet i tenesta
  • Evne til samarbeid.
  • Evne til å arbeide systematisk, langsiktig og med gjennomføringskraft.
  • Evne til å skape visjonar og gje retning.
  • Kunne lytte til, samarbeide med, rettleie og inspirere medarbeidarar.
  • Fleksibel og løysingsorientert.

 

Vi kan tilby:

  • Spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med god kompetanse.
  • Støttefunksjonar innan personale, økonomi og IT.
  • Løn etter avtale.
  • Godt samarbeidsklima.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling.

 

SØK HER.

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å ta kontakt med:

Styrar Loar: Magnhild Beate Galde, 46921394, magnhild.beate.galde@lom.kommune.no

Tenesteleiar oppvekst: Pål Bertil Eide, 90960740, pal.bertil.eide@lom.kommune.no

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg. Politiattest vil bli kravd. Lom kommune nyttar nynorsk som skriftspråk.

Elektronisk søknad på: www.lom.kommune.no

Søknadsfrist:  11.05.2025