Miljøarbeidartenesta treng fleire gode medarbeidarar!
Vikariat i inntil 180%
Faste stillingar inntil 2 x 100%
Vi startar 2025 med behov for fleire tilsette!
Trivst du med faglege diskusjonar, eit sunt og inkluderande arbeidsmiljø med humor og stor takhøgde? Då er du hjarteleg velkomen til å søke jobb hjå oss!
Miljøarbeidartenesta yter teneste til brukarar med ulike bistandsbehov, og vi legg vekt på individuell tilpassing med fokus på brukar sine behov og ynskje.
Vi ynskjer ei mangfaldig gruppe av tilsette med relevant utdanning og erfaring som egnar seg i relasjonsarbeid.
Stillingane inneber i utgangspunktet 3-delt turnus med arbeid kvar 3. eller 4. helg, men vi er fleksible for andre løysingar.
Kvalifikasjonar:
• Fortrinnsvis fagarbeidarar eller 3-årig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfaget
• Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning
Arbeidsoppgåver:
• Miljøarbeid og oppfylging i tråd med brukarane sine ynskjer og behov, lovverk, vedtak og fagleg forankring.
• Ansvar for gjennomføring av dagtilbod/arbeid/opplæring hjå tenestemottakar.
Vi tilbyr:
• Godt arbeidsmiljø
• Ein variert arbeidskvardag
• Rettleiing og tett samarbeid med kollegaer
Vi ynskjer oss:
• Deg som har gode samarbeidsevner
• Deg som kan arbeide sjølvstendig
• Deg som reflekterer over eigen veremåte
• Deg som ber om råd og rettleiing når du møter utfordringar.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Det er krav om politiattest av nyare dato, førarkort på bil, gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Oppstart frå februar/mars 2025
Søknadsfrist: 24.11.2024
Spørsmål om stillingane kan rettast til:
Avdelingsleiar miljøarbeidertenesta Ann Kathrin Flækøy, 474 53 241
Avdelingsleiar institusjonsbasert omsorg Guro Einbu, 404 37 941
Du skal nytte elektronisk søknadsskjema som du finn på www.lom.kommune.no
Namnet på søkjarar vil bli gjort offentleg.