For studentar som forpliktar seg vil kommunen kunne inngå fylgjande avtale:
- Stipend på kr 1250 pr. fullført studiepoeng vert fordelt og utbetalt per semester (ved fulltidsstudie august og januar). Stipendet skal da dekkje samling, reise og opphald.
- Dekking av pensumlitteratur og studiemateriell inntil kr 5.000 pr. 60 studiepoeng
- Dekking av semesteravgift
- 25 % tilsetjing i studietida
- 6 vekers turnusarbeid gjennom sommarferieavviklinga (ferie blir avvikla i tråd med lov og avtaleverk)
- 100 % fast tilsetjing etter godkjent utdanning/autorisasjon
- 2 års bindingstid
Generelt kring løn i studietida:
- 80% av grunnløn sjukepleier etter fullførte 60 stp
- 90% av grunnløn sjukepleier etter fullførte 120 stp
Kvalifikasjonar:
Vi søkjer deg som startar eller har starta på sjukepleiarutdanning, heiltid eller deltid frå hausten 2024.
Dokumentasjon frå studiestad må framsynast.
Du må kommunisere godt på norsk, og ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader (skal leggjast fram ved tiltreding).
Førarkort kl B ved arbeid kor førarkort er påkrevd.
Tilsetjingsvilkår:
Stipend blir omgjort til lån i disse tilfelle:
- Ein vel å ikkje takke ja til sommarbeid under utdanninga eller fast stilling etter bestått utdanning
- Ein vel å seie opp innan 2 år etter fullført utdanning
Stipend lyt da betalast attende i si heilheit til Lom kommune etter avtala betalingsplan.
Spørsmål kan rettast til avdelingsleiar institusjon og heimebasert omsorg Guro Einbu på telefon 40 43 79 41, eller tenesteleiar helse og omsorg Tonje B. Eggen på telefon 916 86 342.
Du søkjer elekstronisk ved å nytte søknadssekjma som du finn på www.lom.kommune.no