Er du den som har lyst til å erfare vinter mot sommar midt i Innlandet? Som vil være ein del av ein "luggum" ergo- og fysioterapeutgjeng i kommunane Lom og Skjåk?
Lom er vertskommune for den interkommunale ergo- og fysioterapitenesta som består av 2 årsverk ergoterapistilling og 4,3 årsverk fysioterapistilling, samt 80% fysioterapeut m/ driftsavtale. Ergo- og fysioterapitenesta har ansvar for sine fagfelt og kommunalt hjelpemiddellager i båe kommunane. Tenesta har tett samarbeid med andre kommunale tenester innan helse, skular og barnehagar. Oppmøtestad vil vera hovudsakleg i Skjåk, og ved behov i Lom.
Det er ledig vikariat som fysioterapeut frå 01.01.25 fram til 31.07.25, med moglegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver:
• Helsefremjande, førebyggjande og kurativ fysioterapiverksemd for alle aldersgrupper
• Gruppetilbod for barn, ungdom og vaksne
• Rehabilitering og habilitering
• Prosjektleiar etablering av frisklivssentral (40%)
• Hjelpemiddelformidlar
Kvalifikasjonar:
• Autorisert fysioterapeut
• Beherskar norsk munnleg og skriftleg. Nynorsk er skriftspråk i kommuna.
• Krav om politiattest
• Førarkort kl B
Kven er du?
Me søkjer deg som er strukturert og jobbar sjølvstendig. Du trivst med å jobbe saman med både brukarar og fagpersonar. Du er glad i faget ditt, glad i menneske og har godt humør. Du er fleksibel, og har interesse for å vidareutvikle tenestetilbodet.
Lom kommune har som visjon å vere gjestfritt og nyskapande, med atferdskrav som løysingsorientert, offensiv og inkluderande.
Lom ligg nært fleire nasjonalparkar. Området har gode moglegheiter for naturopplevingar i spektakulær natur og ligg i hjartet av Jotunheimen nasjonalpark. Vi håpar å høyre frå deg!
Det er ynskjeleg med snarleg oppstart i stillinga. Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Nærare opplysningar om stillinga får du av leiar for ergo- og fysioterapitenesta Lom og Skjåk, Sivert Jonassen tlf. 48 16 55 20.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg.
Elektronisk søknad på: www.lom.kommune.no
Søknadsfrist: 04.12.24