Diktardagar 29. august til 1. september

Diktardagar 2024 går av stabelen neste helg med bortimot 20 arrangement i Lom, Skjåk og Vågå. 

Plakat Diktardagar 2024 - Klikk for stort bilde

På biblioteket har vi to arrangement under Diktardagar. Torsdag 29. august kl. 19.00 blir det markering av landslovsjubileet. Erik Opsahl, leiar av Middelaldersenteret ved NTNU, held foredraget Magnus Lagabøtes landslov, eit jubileum verd? 

Fredag 30. august kl. 13.00 kjem forfattar og matskribent Siri Helle og held foredraget Matmakt og kjedemakt Dette foredraget er også del av bibliotekprosjektet vi har gåande i år, om mat og berekraft. 

Elles er heim og det å høyre til tema for årets Diktardagar. Kva betyr det å høyre til? Kvar kjenner vi oss heime? Problemstillingane er aktuelle som aldri før i ei verd prega av krig og konflikt, natur- og klimakrise. På litteraturseminaret blir problemstillingane belyste frå ulike hald. Om kvelden blir det konsertforestilling Som å kome heim med Lars Bakke og delar av Lomsk-gjengen. 

I tillegg blir det Hamsun på lomver med Frikk Gjeilo med band, forfattarturné i 6. klasse med Laura Djupvik, seminar for ungdom med Brynjulf Jung Tjønn og Pål Plassen der mobbing og utanforskap er tema. Det blir markering av Nobelprisen i litteratur til Jon Fosse, og sundag blir det utflukt i fotspora til Knut Hamsun og Edvard Munch i Lom og Vågå.  Eit rikhaldig program, noko for alle aldrar og for ein kvar smak.  Billettar og program på diktardagar.no