Purringar, gebyr og meldingar

Sidan vi skifta biblioteksystem i fjor har rutinene for purringar, gebyr og erstatningskrav ikkje fungert som før. Nå skal eit nytt oppsett for purringar og gebyr vera i orden. 

Utsending av meldingar på e-post fungerer ikkje for tida. Inntil vidare ber vi lånarar som tidlegare har motteke hente- og purremeldingar på e-post, ta kontakt, slik at vi kan sende meldingar på sms.

Purringar

1. purring er gebyrfri for alle og blir sendt 7 dagar etter forfall.
Dersom du vil forlenge lånetida, logg deg inn med lånenr og pinkode eller ta kontakt med biblioteket.
2. purring blir sendt 14 dagar etter forfall. Her kjem det på eit gebyr på 50 kr for lånarar over 15 år. Gebyret må betalast sjølv om materialet blir levert seinare. 
Gebyret kan betalast på vipps til Lom folkebibliotek #130010 - Purregebyr 
Felles melding går ut til alle, men lånarar under 15 år skal ikkje betale gebyr.

Erstatningskrav

Vi skal etter kvart koma i gang att med utsending av erstatningskrav for tapt materiale.
Følgande summar er gjeldande:
Bøker for vaksne: 500 kr
Bøker for barn: 400 kr
Tidsskrift og småtrykk: 150 kr