Tore Renberg på biblioteket 23. mai

Tore Renberg gjestar biblioteket 23. mai kl. 19.00. Renberg er ein av landets mest lesne og populære forfattarar. 

Plakat Tore Renberg - Klikk for stort bilde

I morgon får vi storfint forfattarbesøk av sjølvaste Tore Renberg! Renberg er på turné i Norddalen i høve avslutning på årets Vinterles, ein leselystaksjon for vaksne i regi av biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen. Biblioteka i Skjåk og Lom står for arrangementet i Lom i morgon. Rapportane frå Dombås i går seier at det var heilt fantastisk! Vi håpar at mange lomverar og skjåkverar får med seg dette. 

Velkomne til ein renbergsk aftan på biblioteket i morgon kl. 19.00. 
Billettar kan kjøpast ved inngangen eller her: https://checkout.ebillett.no/227/events/3735/purchase/setup