Fra vinterarkivene - Merethe Lindstrøm (2015)

Denne romanen er Lindstrøms vri på den sjølvbiografiske romanen, men handlar like mykje om ektemannen og faren som om forfattaren sjølv. 

Bokomslag: Fra vinterarkivene av Merethe Lindstrøm - Klikk for stort bilde

Tittelen viser til at teksten er sett saman av ei rekkje korte notat som er skrivne gjennom ein vinter kor ektemannen Mats var alvorleg deprimert og snakka om å ta livet av seg. Vi får glimt frå barndomen til både forfattaren sjølv og ektemannen, noko som inneber at ho både brukar slikt ho har blitt fortalt og diktar vidare. Historia om faren til forfattaren, biletkunstnaren som sleit med depresjonar heile livet, er også sentral. Med søkjande og opne, men også treffande og vakre formuleringar har Lindstrøm skrive ei trassig og sterk kjærleikserklæring til dei to viktige mennene i livet hennar og det komplekse, vanskelege livet. 

Merthe Lindstrøm (f. 1963) debuterte i 1983 med novellesamlinga Sexorcisten og andre fortellingar. Ho har rennome som ein av våre beste novellistar, men har fått sitt største gjennombrot med ein roman: Dager i stillhetens historie sikra henne både Kritikerprisen 2011 og Nordisk Råds litteraturpris 2012.

Omtale ved Merete Røsvik Granlund.