Innsirkling 3 - Carl Frode Tiller (2014)

Innsirkling 2 er tredje bind i ein episk triologi kor Carl Frode Tiller leverer ei imponerande mangfaldig analyse av korleis identitet er grunnleggjande forma av roller, sosial status og makt.

Bokomslag: Innsirkling av Carl Frode Tiller - Klikk for stort bilde

Her får vi endeleg vite historia bak at det i første band vart sett inn annonse i avisa om David som hadde mist minnet, og trong at dei som kjende han tok kontakt. Gjennom dei tre siste forteljingane om livet og personlegdomen hans, blant dei den han sjølv fortel, stig ikkje berre ulike perspektiv på den unge mannen fram, men også på Noreg som klassesamfunn. Karakteristisk for Tiller er evna til å skrive fram intense scener som skildrar i detalj korleis indre og mellommennesklege spenningar ladar sjølv dei mest daglegdagse replikkutvekslingar og av og til slår ut i konfliktar og vald. 

For debutromanen Skråninga (2001) fekk Carl Frode Tiller Tarjei Vesaas debutantpris. I 2005 vart han kåra til ein av dei ti beste, norske forfattarane under 35 år av Morgenbladet. Bøkene i Innsirkling-triologien har også gitt han ei rekkje viktige prisar og prisnominasjonar, inkludert nominasjon til Nordisk Råds litteraturpris. 

Omtale ved Merete Røsvik Granlund.