Teori om det eneste. Bok I og II - Nils Chr. Moe-Repstad (2013)

Nils Chr. Moe-Repstad har gjennom heile forfattarskapen gått laus på dei store, eksistensielle spørsmåla i eit språk som rører seg mellom det sanselege, det sprenglærde og det personlege. 

Bokomslag: Teori om det eneste av Nils Chr. Moe-Repstad (bok 1) - Klikk for stort bilde

I Teori om det eneste, som også vart nominert til Brageprisen, skriv han for første gong om stupeulukka som gjorde han lam frå brystet og ned som 19 åring. Utgjevinga består av to bøker. I den første er uttrykket kortfatta og fortetta, medan andre bok inneheld langdikt om slektshistorie og sjukehusopphald. Verket er ei rasande og smertefull litterær bearbeiding av eit traume, men peikar dei også ut over det sjølvbiografiske gjennom eit vell av referansar til kunst og historie. Paal- Helge Haugen har skrive at Moe-Repstads fremste kjennemerke er «sensualitet og musikalitet: Det er vakkert og det er urovekkande.»

Sidan debuten i 2001 har Nils Chr. Moe-Repstad (f. 1972) vore rekna som ein av dei framste poetane i sin generasjon. I 2016 var han nominert til Kritikerprisen for samlinga Wunderkammer.

Omtale ved Merete Røsvik Granlund.