Kva gjer ein helsesjukepleiar?
Ein helsesjukepleiar arbeider med barn og unge, og kan lytte og vera ei støtte til barn, unge og føresette, samt bidra til meistring hjå den einskilde.
I tillegg arbeider vi med helseundersøking og gjev rettleiing og støtte gjennom individuelle-, gruppe- og befolkningsretta tiltak.
Høgdepunkt 2020
I 2020 har Helsestasjon- og skulehelsetenesta og Helsestasjon for Ungdom vore tilgjengeleg i heile perioda med pandemi, tenesta har fulgt statlege retningslinjer der det har vore særskild fokus på at tilbod til barn- og unge skal oppretthalde normal drift. Tenesta har gjort nokre tilpasningar i høve smittevern, og tilsette har i perioder delteke i arbeid med kommunalt smitteoppsporing og smittevern.
Tilbodet om fyrstehjelpskurs til føresette vart avlyst i 2020 pga. omsyn til smittevern.
Vaksinering med sesonginfluensa, vart gjennomført i Utgard pga. omsyn til smittevern. Tenesta brukte mykje ressursar på planlegging og gjennomføring samanlikna med tidlegare år. (bilete 4)
Tenesta har teke i bruk digitale løysningar for å gjennomføre m.a tverrfaglege møter.
Helsesjukepleiar deltok i haust på opplæring i digital nettbasert individuell plan.
Tenesta har fokus på førebygging på individ- og gruppenivå. Helsesjukepleiar gjev rettleiing og støtte til m.a føresette, det er viktig å trygge og styrke føresette i deira rolle. (bilete 2 og 3)
Tenesta har gjennomført Cos-P kurs (foreldrerettleiingsprogram) ein gong i haust. Det var fyrste gongen helsestasjonane i Lom og Skjåk gjekk saman om å halde kurset. Tidlegare år har tilbodet i Lom vore 2 gonger i året, men grunna pandemi vart kurset om våren avlyst.
Tenesta vart deltakar i instagramkontoen "ungvaksen", i samarbeid med helsestasjonane i Skjåk og Vågå.
Fødselstalet i 2020 var 20. Det var ei auke etter siste 3 åra.
Tenesta søkte og fekk tildelt statlege midlar til styrking av lønsmidlar.