Frå hausten 2019 har kommunane Skjåk, Lom og Vågå gjennom eit interkommumalt samarbeid tilsett kommunepsykolog i fast stilling.
Gjennom tilsettinga oppfyller kommunane Stortinget sitt vedtak om endra kompetansekrav i Helse- og omsorgsloven. Dei endra krava forpliktar kommunane til å ha psykologressurs i sitt tenesteapparat. Lovfestinga tredde i kraft 01.01.2020.
Lom kommune er vertskommune for stillinga. Samarbeidsavtala mellom kommunane regulerer kommunepsykologen sin innsats fordelt mellom dei tre kommunane i høve folketall.
Kommunepsykologen vil bidra til styrking og utvikling av kommunane sine helse og – omsorgstenester og vil inngå i kommunane sitt systematiske arbeid for betring av folkehelsa.
Kommunepsykologen vil bidra til fag- og tenesteutvikling ved å hjelpe dei kommunale tenesteytarane med rådgjeving og konsultasjon både i einskild saksarbeid og kring faglege tema.
Vidare vil kommunepsykologen kunne bidra til teneste- og kompetanseutvikling både gjennom undervisning og kursplanlegging, og gjennom faglege innspel til kommunalt planarbeid i høve folkehelse, oppvekstkår, skule/ barnehage og helse- og omsorgstenester.
Etter individuell vurdering av hensiktsmessigheit og behov, vil kommunepsykologen tidvis kunne gje kliniske tenester. Førespurnad om slik teneste kan til dømes gå gjennom fastlege, psykisk helseteneste eller helsestasjon/helsesjukepleier som kan drøfte saka med kommunepsykologen.
Høgdepunkt 2020
Det viktigaste gjennom 2020 har vore å arbeide for å oppretthalde kvaliteten på tenesta gjennom dei vanskane coronapandemien har medført.