Kva gjer psykisk helseteneste?
Dei vanlegaste problemstillingane er angst, depresjon, stress, rus eller samansette helsevanskar som gjer at brukaren har vanskar med å fungere godt i det daglege, både på arbeid og heime.
Livskriser, akutte hendingar/sjukdom kan gjere at ein treng nokon å snakke med angåande din situasjon, hjelp til å sortere og nyorientering.
Vi kan også yte teneste til ungdom, frå ungdomsskulealder og oppover som kjenner på stress, forventningspress, mistilpassing , konfliktar eller anna som grip om seg i kvardagen.
Høgdepunkt 2020
Då Noreg stengde i 12.03.2020 gav tenesta alle aktive pasientar tilbod om oppfølging via tlf. og Norsk Helsenett. Tenesta tok også kontakt med tidlegare pasientar som var sårbare i ein slik situasjon og gav tilbod om oppfølging. Etter at samfunnet opna delvis opp att har tenesta vore opptekne av å ha så ordinær drift som råd, men då med høgt fokus på smittevern. Tenesta har vore aktive med å informere om tilbodet vårt via heimesider og Facebook. Etter kvart som tida går opplever tenesta at fleire og fleire kjenner på belastningar i samband med dei restriksjonane som følgje av pandemien. Dette gjer seg utslag i auka grad av opplevd einsemd samt forsterking av symptomar på liding brukarane allereie har. Psykisk helseteneste ynskjer å gje alle som tek kontakt med eit snarleg tilbod, og greidde å unngå venteliste i 2020.
Frå 1. oktober 2020 har psykisk helseteneste i Lom og Skjåk bidrege med ein 20% ressurs inn i nyetablert FACT-team (fleksibel, aktiv, oppsøkande behandling) i Nord-dalen.
Tenesta si Facebook side har 2 års jubileum i desse dagar. Der er tenesta aktiv med nye innlegg 1-2 gonger pr. veke, og har over 530 følgjarar.
Den årlege markeringa av "Verdsdagen for psykisk helse" den 10. oktober vart i år markert digitalt ved at tenesta produserte ein informasjonssnutt som blei distribuert på Facebook.