Svangerskapsomsorg

 Den viktigaste oppgåva til tenesta er å fylgje dei gravide gjennom svangerskapet. Målet er å ta vare på barnet i magen, diagnostisere avvik og gje dei ein start i livet utan skade eller sjukdom.

Kva gjer jordmor?

Det er viktig å ivareta mor si fysiske og psykiske helse. I Lom har svangerskapsomsorgen kapasitet til å fylgje opp kvar enkelt etter behov, gjennom det kan det lettare oppdagast avvik og henvisast til spesialisthelsetjenesten.

Covid-19 vart også merkbart for svangerskapsomsorgen. Med nye, store lokale har det vore mogleg å ta i mot den gravide og partnaren hennar på ein god måte. For mange har det vore bra da det vart store endringar i forhold til fars deltagelse i fødsel på sjukehuset.

Høgdepunkt 2020

Høgdepunkt for 2020 er at tenesta har hatt tilnærma normal drift på tross av pandemi, og at det vart født 20 nye lomværar.

Kontakt

Eldri Engdal
Jordmor