Barnehagane i Lom

Fjelltur med barnehagen 

Året 2021

Frå 01.01.2021 vart det innført skjerpa krav knytt til det psykososiale miljøet i barnehagelova. Det betyr eit lovfesta krav om å følgje med, fange opp og undersøke for å hindre mobbing og krenking. Barnehagane har arbeidd med implementering, og har hatt særleg fokus på systematisk observasjon i dette arbeidet.

I februar tok vi i bruk appen Min barnehage for tilsette og føresette, og nettsida til barnehagen blir ikkje lenger oppdatert. Garmo barnehage fekk toppscore på foreldreundersøkinga med påfølgande mykje positiv merksemd. 

På Kreklingen hadde dei egg til ruging, og ba fleire innom for å sjå. 

I mars vart Barnehagedagen arrangert - og temaet var Små steg for kloden - kva gjer vi i barnehagen for å ta vare på miljøet? 

Også dette året vart det alternativ 17. mai-feiring med tog og fest. 

I august var det grønt nivå frå oppstart av nytt barnehageår. Det var godt å vere i normal drift, og særskilt positivt å kunne ha felles samlingar for skulestartarane i dei to barnehagane i Lom. 

I september kom det ny arbeidsform i PPT med faste dagar i månaden der dei er til stades i barnehagen. 

Gjennom året har FAU lagt ned mykje arbeid i barnehagane med oppgradering av uteområda.