Kommunepsykolog

Kommunepsykologen gjev vegleiing/fagstøtte til personal eller tenester i kommunen, lavterskel behandlings- og oppfølgingtilbud, helsefremmande og forebyggjande arbeid, system- og samfunnsretta arbeid.

I alt arbeidet vektlegg ein å utøve og utvikle tverrfagleg samhandling og styrke brukarmedverknad.

Frå hausten 2019 har kommunane Skjåk, Lom og Vågå gjennom eit interkommumalt samarbeid tilsett kommunepsykolog i fast stilling.

Gjennom tilsettinga oppfyller kommunane Stortinget sitt vedtak om endra kompetansekrav i Helse- og omsorgsloven. Dei endra krava forpliktar kommunane til å ha psykologressurs i sitt tenesteapparat. Lovfestinga tredde i kraft 01.01.2020.

Lom kommune er vertskommune for stillinga. Samarbeidsavtala mellom kommunane regulerer kommunepsykologen sin innsats fordelt mellom dei tre kommunane i høve folketall.

Kommunepsykologen vil bidra til styrking og utvikling av kommunane sine helse og – omsorgstenester og vil inngå i kommunane sitt systematiske arbeid for betring av folkehelsa.

Kommunepsykologen vil bidra til fag- og tenesteutvikling ved å hjelpe dei kommunale tenesteytarane med rådgjeving og konsultasjon både i einskild saksarbeid og kring faglege tema.

Vidare vil kommunepsykologen kunne bidra til teneste- og kompetanseutvikling både gjennom undervisning og kursplanlegging,  og  gjennom faglege innspel til kommunalt planarbeid i høve folkehelse, oppvekstkår, skule/ barnehage og helse- og omsorgstenester.

Etter individuell vurdering av hensiktsmessigheit og behov, vil kommunepsykologen tidvis kunne gje kliniske tenester. Førespurnad om slik teneste kan til dømes gå gjennom fastlege, psykisk helseteneste eller helsestasjon/helsesjukepleier som kan drøfte saka med kommunepsykologen.

Året 2021

Det viktigaste gjennom 2021 har vore å arbeide for å oppretthalde kvaliteten på tenesta gjennom dei vanskane coronapandemien har medført.

Kontakt

Ivar Morten Gjellesvik
Kommunepsykolog Lom/Skjåk/Vågå
Telefon 481 65 518