Legetenesta

Lom kommune skal ha ei fagleg god og lett tilgjengeleg primærlegeteneste som sikrar innbyggjarane god førebygging, utredning, diagnostikk og behandling. Tenesta ivaretek tverrfagleg samarbeid innad i kommunen og med spesialisthelsetenesta. Dette til det beste for pasienten. 

Året 2021

Covid-19 pandemien prega legetenesta i kommunen i stor grad i 2021. Det har likevel vore viktig å kunne oppretthalde mest mogleg normal drift i tråd med nasjonale retningslinjer. Det har til tider vore krevjande, men dei tilsette har lagt ned ein imponerande innsats for å halde hjula i gang. Målet for tjenesten er alltid å kunne tilby god helsehjelp til våre pasientar. 

Sommaren 2021 hadde legetenestene i Lom og Skjåk samla sett redusert kapasitet, samanlikna med normal sommardrift. For at begge kommunane skulle ha ei forsvarleg drift gjennom ein sommar med mykje turistar, så hadde legekontora samdrift i veke 27-32.