Året 2021
Plan
Felleskontoret for plan, byggesak og miljø for Lom og Skjåk har tre tilsette (to stillingsheimlar) som jobbar på fagområdet plan: Sander Sælthun, Øyvind Pedersen og Anne Silje Berg. Felleskontoret har ansvaret for planarbeidet i båe kommunane, som kommuneplanar, reguleringsplanar, konsekvensutgreiingar og dispensasjonssøknadar.
Oppgåver har mellom anna omfatta dette i 2021:
- Lom kommune meldte oppstart av ein reguleringsplan i 2021, dette gjaldt Loar skule. Gjennom dette planarbeidet skal ein finne ei alternativ løysing til gangvegen som går gjennom skuleområdet i dag. Saka har skapt engasjement – det kom inn heile 16 uttaler til oppstartsvarselet. Kommunen mottok eitt privat reguleringsplanforslag i Lom, detaljreguleringsplan for Stupulvegen. Det vart vedteken ei planendring i Lom, i reguleringsplanen for Galdhøpiggen klatrepark.
- Skjåk kommune meldte oppstart av to reguleringsplanar: Detaljreguleringsplan for flaumsikring av Bismo og detaljreguleringsplan for Øyberget næringsområde. Det var ikkje høyringer eller vedtak av reguleringsplanar i Skjåk dette året.
- Dispensasjonssaker: Felleskontoret behandla fire saker om dispensasjon frå arealplan i Lom og to i Skjåk.
- Forslag til kommuneplanens arealdel for Lom var på høyring og offentleg ettersyn. Kommuneplanar er store og omfattande planverk – planforslaget omfatta totalt 300 tekstsider med føresegner, planomtale, risiko- og sårbarheitsanalyse og konsekvensutgreiingar, i tillegg til tolv plankart og temakart.
- Det vart meldt oppstart for revidering av kommuneplanens samfunnsdel for Lom. Dette omfatta også høyring av planprogrammet som seier noko om kva samfunnsdelen skal omfatte. Kommunen har i etterkant jobba med medverknad og innhald i det som skal bli planforslaget.
- Det vart gjennomført farekartlegging for steinskred/steinsprang på Leirmoen og ved Lyngved i Garmo.
- Kommuneplanens arealdel for Skjåk vart ferdigstilt og vedteke i juni.
Miljø
Ved felleskontoret for plan, byggesak og miljø er 50 % av Sander Sælthun si stilling knytt til miljø- og naturforvaltning. I tillegg leiger felleskontoret inn ein 30 % ressurs frå Skjåk kommune: Tor Taraldsrud. Sakene som kommunen har, heilt eller delvis ansvar for, er knytt til motorferdsel i utmark, rekreasjon og friluftsliv, kulturminne og kulturmiljø. Også vassdragsforvaltning, viltforvaltning og forureining er blant oppgåvene.
- I Lom vart det behandla 22 søknadar om dispensasjon for motorferdsel i utmark. Av desse var 17 av søknadane knytt til motorferdsel på snø (12 innvilga), to på barmark (båe innvilga) og tre omhandla landing med luftfartøy (alle innvilga).
- Ordninga med leigekøyring omfatta i 2021 sju snøskuterar som var godkjende for leigekøyringsoppdrag.
- Det vart gjennomført skadefellingsforsøk på jerv i Lom, Skjåk og Vågå i juli/august, utan resultat.
- Lom og Skjåk kommunar deltek i prosjektet Flomrespons, der målet er å utvikle eit nytt og framtidsretta verkty for lokal flaumvarsling.
Byggesak
Det var i 2021 knytt to byggesaksbehandlarar til felleskontoret for plan, byggesak og miljø: Øystein Brandsar og Bjørn Bøye. Sistnemnde gjekk over i ny jobb i oktober 2021 og stillinga hans er vakant til vinteren 2022. Felleskontoret har ansvaret for byggesak i båe kommunane, og stillingsprosenten er 150 % på dette fagområdet.
- Det har vore handsama over 260 byggesaker totalt ved felleskontoret: I overkant av 160 i Skjåk og noko over 100 i Lom. Ein del av desse er ferdigattestar.
- Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i Loms-saker er 14 dagar, i Skjåk-saker er talet 11 dagar. Saksbehandlingstida har vore noko lenger i 2021 enn i 2020. Dei aller fleste sakene er behandla innafor saksbehandlingsfristane.
- Det har vorte søkt om og gjeve løyve til oppføring av tre bustadhus i Lom og fire i Skjåk, og 13 fritidsbustadar i Skjåk.
- Det har vorte søkt om og gjeve løyve til fleire tilbygg til driftsbygningar i samband med endra drift, som kan sjåast i samanheng med prosjektet "Laus ku med framtidstru".
- Det var jamt over ein del søknadar om oppføring av tilbygg og garasjar.
- Det har kome inn 14 meldingar om tiltak som er unnateke søknadsplikt, sju i Skjåk og sju i Lom.
Beredskap
Lom er vertskommune for felles beredskapskoordinator med Skjåk. Denne stillinga er knytt til felleskontoret for plan, byggesak og miljø. Beredskapskoordinatoren slutta i stillinga si i oktober, og Lom og Skjåk kommunar starta arbeidet med å omorganisere denne stillinga og førebur sak til politisk behandling i båe kommunane vinteren 2022. I tråd med føresegnene om kommunal beredskapsplikt skal kommunane integrere samfunnssikkerheit i dagleg verksemd og gje samfunnsikkerheitsoppgåvene eit heilskapleg perspektiv. Oppgåvene til beredskapskoordinator omfattar mellom anna:
- Utarbeide og oppdatere overordna ROS analyser og beredskapsplanar.
- Planlegging og utføring av beredskapsøvingar.
- Halde kontakt med andre relevante aktørar innan beredskapsarbeid.
- Generell tilrettelegging av kommunen sitt beredskapsarbeid.
- Ein del av beredskapsressursane har i 2021 gått til handtering av koronapandemien og arbeid med beredskapsplanar i dei to kommunane.