Gruppetrening med Ergo- og fysioterapitenesta i Lom og Skjåk

Strevar du med pusten og ynskjer å kome i betre form? Meld deg på gruppetrening med ergo- og fysioterapitenesta! 

Presthaugen - gamle hus med Lomseggen bak. Visit Jotunheimen

Kvar tysdag frå 18. oktober arrangerer fysioterapeut i Lom gruppetrening med fokus på kondisjon. Vi brukar naturen som treningsarena. Presthaugen blir fast utgangspunkt, oppmøte er kl. 09:00.

Treninga er for alle som treng eit ekstra "puff" for å kome i gang, og for deg som på bakgrunn av plagar/sjukdom er oppmoda til å forbetre din fysiske form. 

Ikkje nøl med å melde di interesse innan måndag 17. oktober!
Er du usikker på om dette er noko for deg? Ta kontakt, så finn vi det ut! 

Gå til kontaktinformasjon