Bjørn Hatterud: Mjøsa rundt med mor

Bjørn Hatterud - Klikk for stort bildeTysdag 3. mai hadde vi besøk av forfattar Bjørn Hatterud. Han fortalde om oppvekst og ungdomstid i den vesle bygda Veldre i Ringsaker kommune.

Forteljinga hans er ei forteljing om utanforskap, mobbing og om å kjenne seg annleis. Bjørn er fødd med ei funksjonsnedsetting og var mykje inn og ut av sjukehus i oppveksten. Han er også homofil og klassereisande.

I bøkene Mjøsa rundt med mor og Mot normalt deler han tankar og opplevingar frå eit liv fylt med fleire og større utfordringar enn dei fleste av oss treffer på. Eit interessert publikum ville mest ikkje sleppe tak i han. Ein fin og tankevekkjande kveld på biblioteket.