Mammut og menneske med Ole Nashoug
Tysdag 2. april kjem Ole Nashoug og fortel om mammutfunn i Gudbrandsdalen og om boka Mammut og menneske.
![Plakat Mammut og menneske med Ole Nashoug - Klikk for stort bilde](/handlers/bv.ashx/i3e820d40-5f8d-4d21-be24-6e788195fd17/w1200/q34178/k7386e8182b59/mammut-og-menneske.png)
Ingen stadar i landet er det gjort fleire funn av støyttenner og jekslar frå mammut enn i Gudbrandsdalen og Ottadalen. Ole Nashoug, dagleg leiar ved Mammuthuset i Vangsåsen, har saman med professor emeritus Johan Petter Nystuen, UiO, skrive boka Mammut og menneske: En reise gjennom 66 millioner år. Tysdag 2. april gjestar Ole oss og fortel om mammutfunna frå Gudbrandsdalen og om boka. Boksal og signering.
Inngang: 150 kr
Publisert 25.03.2024 10.28