Maria Parr til Lom!

Maria Parr er aktuell med ny bok, Oskar og eg. Måndag gjestar den populære forfattaren Lom.

Bilde av Maria Parr og boka Oskar og eg - Klikk for stort bilde

Måndag 23. oktober får vi besøk av sjølvaste Maria Parr. Maria er aktuell med ny bok, Oskar og eg, og vi er så heldige å få besøk av den ettertrakta forfattaren.  Maria har fått ein stor lesarskare med bøkene Tonje Glimmerdal og Vaffelhjarte. Bøkene har gått rett til hjartet på både store og små, og det knyter seg høge forventningar til ny bok frå Maria. Oskar og eg har innfridd. Boka har hausta mange gode kritikkar, og vi får stadig begeistra attendemeldingar frå lesarar. 

Måndag gjestar Maria elevane i 1. til 4. klasse på Loar skule. Kl. 18.00 blir blir det kveldsarrangement på biblioteket for små og store. Maria les og samtalar med Rita om bøkene. Dette arrangementet er del av prosjektet Nynorsk pilotbibliotek, eit prosjekt i regi av Nynorsk kultursentrum. Lom folkebibliotek er eit av fem utvalde nynorske pilotbibliotek. 

Vel møtt til bokkveld med Maria Parr! Vi gler oss!