Sommarles 2020

Sommarles 2020 - Klikk for stort bildeMåndag 1. juni startar leseaksjonen Sommarles 2020

Sommarles er ein nasjonal lesekampanje i regi av biblioteka der målet er at flest mogleg elevar frå 1. til 7. klasse skal lesa mest mogleg i løpet av sommarferien. 2019 var eit rekordår og meir enn 130 000 leseglade ungar deltok.

Sommarles varar frå 1. juni til 31. august. Alle elevar frå 1. til 7. klasse kan delta, også dei som startar i 1. klasse til hausten. Lesekampanjen er digital. Deltakarane registerer seg på nettsida til Sommarles og legg inn bøkene dei les der. På nettsida får barna poeng for bøkene dei les. Dei får digitale trofé og går opp i nivå. Dei får også tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve. På biblioteket kan dei hente fysiske premiar og finne kodeord.

Sommarles er for alle, både superlesarar, middels gode lesarar, dei som treng hjelp og dei som lærer seg å lesa. Dei må ikkje lesa sjølve. Dei kan også høyre lydbøker eller bli lese for. Biblioteket har gode boktips og bøker som ventar på å bli lesne. Bli med på Sommarles 2020!