Temakveld om rus og avhengigheit

Plakat til temakveld med spesialsjukepleiar og traumeterapeut Bjørn Leine om rus og avhengigheit. - Klikk for stort bilde

Onsdag 24. mai er det klart for ny temakveld i prosjektet Forteljingar om flukt. Det finst  ulike former for flukt. Folk flyktar frå krig og konflikter, men også frå det som er trist og vanskeleg og frå ein kjedeleg kvardag. Iblant blir det vi flyktar inn i enda verre enn det vi flyktar frå. Mange opplever å få problem knytt til rus, mat, blir avhengige av spel og mobil m.m.

På temakvelden 24. mai vil spesialsjukepleiar og traumeterapeut ved DPS, Bjørn Leine, prate om rus og andre former for avhengigheit. Dette er eit tema som berører oss alle i større eller mindre grad. Vi håpar at temakvelden kan vera med på å senke terskelen for å prate om problem knytt til avhengigheit og til å gjera det mindre skambelagt.

Velkomne til temakveld onsdag 24. mai kl. 19.00. Inngang 100 kr.