Status prosjekter Lom kommune
Eidsiva Bredbånd - prosjekt med støtte frå 2018
Prosjektnamn | Kommune | Prosjektnamn EB | Status desember 2023 |
Lia og omegn | Lom og Vågå | Liagrendi | 32 adresser som blir forsinka grunna manglande fellesgrøft med Fjellnett. Kundane kan heva si avtale med Eidsiva Bredbånd utan gebyr om dei ynskjer det. |
Global Connect - prosjekt med støtte frå 2019 og 2020
Prosjektnamn | Kommune | Prosjektnamn - HN | Status desember 2023 |
Garmo – Storviksroe | Vågå og Lom | SDU Tessand - Garmo | Ferdig med unntak av Nord-Sandom. Her er utbyggjar og kommune framleis i dialog for å finna ei løysing. |
Innvilga støtte til utbygging breiband 2023
Prosjektnamn | Kommune | Prosjektnamn utbyggjar | Status desember 2023 |
Eklevegen | Lom | | Kontrakt vert signert med Eidsiva Bredbånd. |
Det er mykje pågåande fiberutbygging i Nord-Gudbrandsdalen. Prosjekta som fekk støtte i perioden 2018 til 2020 skulle etter planen alle vera ferdige innan årsskiftet. Dessverre skjer det alltid ting som ligg utanfor utbyggjar sin kontroll og som vil som påverka framdrifta. Dette har nok skjedd i området Liagrendi.
I tabellane finn du status på prosjekta der utbygging held på i din kommune. Det er eit nasjonalt mål at alle husstandar innan slutten av 2025 skal ha tilbod om breiband med minst 100 Mbit/s nedlastingskapasitet. Lom kommune får full dekning på 100 Mbit/s når det siste området som fekk støtte no i 2023 er utbygd.
Er du fastbuande som meiner at du ikkje har fått tilbod om breiband enno eller ikkje bur i eit av dei områda som i dag er under utbygging eller på utlysing, ta kontakt med kommunen.
I Innlandet fylkeskommunes kartløysning kan du sjå status er i din region.
Du finner kartet her.