Status på utbygging av breiband i Lom kommune

I Lom er det i dag to pågåande breibandprosjekt: utbygging i Garmo-Storviksroe som er eit felles prosjekt med Vågå kommune, og Lia og omegn.

Dekorativt bilde.

Det har storma kring breibandsatsinga i Nord-Gudbrandsdalsregionen den siste tida. Vi ynskjer difor å dele status på prosjekta og seie litt om årsaka til at nokre av dei er forseinka.

Lia og omegn

Eidsiva bredbånd sitt prosjekt i Lia og omegn er det fleire gonger blitt meldt utsetting på. For nokre dagar sidan vart 61 kundar kontakta direkte av Eidsiva bredbånd med melding om ytterlegare forseinkingar. Både kommunen og Eidsiva bredbånd tykkjer at dette er særs uheldig då mange innbyggjarar må vente lenge på å få levert den tenesta dei har tinga.

Omlag ein tredjedel av kundane må difor vente til utover våren før dei vert kopla til fiberen. Årsaka til forseinkinga er arbeid med stolpeutskifting som har teke lengre tid enn forventa.

Garmo-Storviksroe

Dette HomeNet-prosjektet er i rute og etter planen skal det leverast fiber før 31.12.2022. Det er BraCom som gjennomfører utbygginga.

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje