Status breibandsprosjekt i Lom kommune

Vedlagt ligg oversikt over ulike breibandsprosjekta i Lom kommune. 

Eidsiva Bredbånd - prosjekt med støtte frå 2018: 

ProsjektnamnKommuneProsjektnamn  EBStatus per juni 2024
Lia og omegnLom og VågåLiagrendiFerdigdato er satt til 18.oktober. Kundeoppkoblinger skjer kontinuerleg så snart det er muleg.

 Global Connect - prosjekt med støtte frå 2019 og 2020

ProsjektnamnKommuneProsjektnamn - GCStatus  per  juni 2024
Garmo – StorviksroeVågå og LomSDU Tessand - GarmoFerdig med unntak av Nord-Sandom. Her er utbyggjar og kommune framleis i dialog for å finna ei løysing.

 

 

 

 

Eidsiva Bredbånd - prosjekt med støtte frå 2023

ProsjektnamnKommune

Prosjektnamn 

utbyggjar

Status per juni 2024
EklevegenLom Sal startar no før sommaren.

Det er mykje pågåande fiberutbygging i Nord-Gudbrandsdalen. Prosjekta som fekk støtte i perioden 2018 til 2020 skulle etter planen alle vera ferdige innan årsskiftet. Dessverre skjer det alltid ting som ligg utanfor utbyggjar sin kontroll og som vil som påverka framdrifta. Dette har nok skjedd i området Liagrendi.

I tabellane finn du status på prosjekta i Lom pr. juni 2024.
Det er eit nasjonalt mål at alle husstandar innan slutten av 2025 skal ha tilbod om breiband med minst 100 Mbit/s nedlastingskapasitet. Lom kommune meinte det var full dekning på 100 Mbit/s når det siste området som fekk støtte i 2023 vert utbygd. Dette viste seg å ikkje vera korrekt så kommunen søkte i 2024 meir støtte til Torgeir Gamles veg og Stymmevegen. Begge vart innvilga støtte og områda vert lagt ut på konkurranse den 29.juni (2024).

Er du fastbuande som meiner at du ikkje har fått tilbod om breiband enno eller ikkje bur i eit av dei områda som i dag er under utbygging eller på utlysing, ta kontakt med kommunen v/ næringssjef Åshild Myhre Amundsen / tlf. 975 22 977 / ashild.amundsen@lom.kommune.no

I Innlandet fylkeskommunes kartløysning kan du sjå status er i din region.

Du finn kartet her: