1,7 millionar til kommunalt næringsfond i LomNord-Gudbrandsdalen er tildelt 9,5 millionar ekstra til kommunale næringsfond. Av desse har Lom kommune fått tildelt 1,7 millionar. Målet med tilskotet er å fremme vekst og sysselsetting, for å redusere dei negative konsekvensane av Covid-19. Fylkesutvalet i Innlandet fylkeskommune behandla den 30.06.20 saka om fordeling av 65.6 millionar i ekstraordinære kommunale næringsfond.Kommunane i Nord-Gudbrandsdalen fikk totalt ca 9,5 millionar fordelt på: Dovre kr. 1 780 040,- Lesja kr. 1 495 565,- Skjåk kr. 1 505 805,- Lom kr. 1 723 285,- Vågå kr. 1 535 550,- Sel kr. 1 550 635,- Kommunane er svært glade for å kunne få denne moglegheita til å støtte næringslivet i ei vanskeleg tid. Målgruppa for midlane er bedrifter og næringsaktørar. Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte og til andre næringsretta tiltak som kommunane meiner er viktige for å motverke negative verknader av kornavirus utbrotet. Betydinga for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk aktivitet skal vektleggjast. I vurderinga av søknadene om tilskot skal det leggas særlig vekt på: I kor stor grad tiltaket fremmer auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar I kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak antakas å motverke negative verkingar av Covid19 utbrotet Kor raskt tiltaket kan settast i gang.Midlane vil bli utlyst på www.regionalforvaltning.no så snart som mogleg, sannsynlegvis i august. P.S. På grunn av ferieavvikling kan det vere vanskeleg å få svar på spørsmål knytt til ordninga. Næringgsjefen er attende på jobb 3. august. Ta gjerne kontakt da dersom du har spørsmål. I mellomtida finn du meir informasjon om ordninga her: Midlertidig forskrift for kommunale næringsfond Reglar for offentleg støtte Publisert av Åshild Myhre Amundsen Publisert 07.07.2020 12.57