Her kjem ei lita statusoppdatering pr. 14 mai!
- Kommunestyret i Lom har løyvd kr. 1 475 000 som kan brukast til breibandsutbygging.
- Formannskapet har vedtatt at kr. 66 000 (+ kr. 66 000 i regionale midlar) skal brukast i Staurust, som ein del av utbygging til Skjåk Energi / Eidsiva
- Resterande sum skal brukast som medfinansiering i søknaden om stateleg støtte (NKOM-søknad). Nord-Gudbrandsdalen sender ein felles søknad som skal inn til Oppland fylkeskommune den 25. mai. Lia og omegn er prioritert som område i søknaden. Dette er det einaste område som har husstandar som er definert som «heilt kvite» (under 10 Mbits) jamfør dekningskarta til NKOM.
- Endeleg geografisk avgrensing (Lia og omegn) blir bestemt når utbyggingskostnaden er klar. Eidsiva / Eidefoss jobbar no med å få ei oversikt over den. Vi må rekne med ein gjennomsnittleg pris på ca. kr. 40 000 – 65 000 pr. husstand for fiber.
- Fleire dugnadsgrupper har jobba godt for å kartlegge interessa for fiber. Interessa er stor.
- Det er sett av kr. 6,4 millionar i stateleg støtte til prosjekt i Oppland, ca. 12 millionar i fylkeskommunale midlar og kr. 600 000 i regionale midlar.
- Telenor jobbar med fiberutbygginga i Bøverdalen no, og alle innanfor utbyggingsområdet skal ha vorte kontakta. Ta kontakt med Telenor dersom du har spørsmål angåande dette.
- Det er sett av kr. 34 000 av regionale midlar til Lom vest, i tillegg til eventuelle midlar til overs etter NKOM-søknaden.
Det er elles mogleg å ta kontakt med næringssjef Åshild M.Amundsen ved Lom kommune dersom du treng hjelp eller har spørsmål angåande breiband (sjå kontaktinfo på høgre side).