Her finn du eit webinar på Lom næringsforum, der vi går gjennom vilkåra for ordninga og søknadsskjema.
Søknadsskjemaet finn du på www.regionalforvaltning.no
Alle løyvingar skal vere i tråd med midlertidig forskrift for bruk av næringsfondet. Den finn du her.
I tillegg har kommunestyret vedtatt dette:
- Eksisterande regelverk for bruk av næringsfondet blir vektlagt i saksbehandlinga, så sant det ikkje er i konflikt med midlertidig forskrift for bruk av kommunale næringsfond.
- I kor stor grad tiltaket fremmer auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar
- I kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak vil motverke negative verkingar av Covid 19 utbrotet
- Det blir lågare terskel for å gi støtte til investeringar enn det som er vanleg praksis.
- Alle saker blir handsama i formannskapet som er fondsstyret, uavhengig av storleik.
- Søknadsskjemaet blir opna opp på regionalforvaltning.no 2. september. Det blir lagt opp til to søknadsfrister, 1. oktober og 1. november..
- Det kan gjevast støtte til jordbruksbasert næring, men tiltak som gir auka sysselsetting og verdiskaping skal prioriterast.
- Andre støtteordningar (t.d. Innovasjon Norge) skal alltid vurderast fyrst.
Eksisterande regelverk (retningslinjer) for bruk av næringsfondet finn du her.