Informasjonsmøte for næringslivet - utbygging av helseheimen

Lom kommune inviterer næringslivet til eit informasjonsmøte om den kommande utbygginga av Lom helseheim. Møtet vil finne stad på kommunehuset Midtgard kl. 8.30 på tysdag den 16. januar, og det er ope for alle interesserte frå næringslivet uavhengig av kommunegrenser. 

Dette vil vere ein god moglegheit for deg og di bedrift å få informasjon om prosjektet som vil bli kunngjort på Doffin mot slutten av januar.

Program:

- Velkome v/ næringssjef Åshild M. Amundsen
- Ole Vegard Wang presenterer planane og status pr. no
- Ordet er fritt / spørsmålsrunde

Vi har sett av tida fram til kl. 10.00, men avsluttar før ved behov.
Vi ser fram til å presentere planane, og håper du tek deg tid til å kome.
Prosjektet vert forventa å ta om lag to år med bygging og oppussing, og vi vil oppmode næringslivet til å nytte dette høvet før anbodet blir lagt ut på Doffin.

Det er ikkje naudsynt med påmelding, berre møt opp på kommunestyresalen på Midtgard. Kommunehuset er framleis under utbygging, men det er mogleg å gå inn både på framsida og på baksida.
Ring Åshild på tlf. 975 22 977 dersom du slit med å finne fram.
Frå Lom kommune vil du møte prosjektleiar Ole Vegard Wang og Elin Jeanette Ulen, samt næringssjef Åshild Myhre Amundsen og ordførar Kristian Frisvold.

Velkome!

Informasjonsmøte om helseheimen

Se mindre

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje